Wings for life World Run 2017

Kjempe innsats av Undheim IL under WFLWR i Stavanger. Perfekt ver og mykje Undheims-løparar i aksjon i dette spesielle løpet der overskotet går til forsking på ryggmargs skader. Dette året var nivået veldig godt i Stavanger med 4 fjorårs vinnarar til stades. Emerson Trujillo frå Peru vann i Nederland, Li Chic Chun vann i Taiwan, Thomas Payn frå England vann i Brasil og vår egen Jarle Risa som vann i Valencia, Spania i fjor. I tillegg var også Svein Ove Risa med som hadde vunne i Stavanger og Florida tidligare år.

Det store trekkplasteret dette året var Petter Northug, han skulle som ein av Red Bull sponsa utøvarar delta på dette løpet, saman med Heidi Weng og nokre snowboard kjørarar.

DSC_0215

Undheimsløparane som deltok var Jarle Risa, Carlo Brekken, Svein Ove Risa, Ingvar Risa, Glenn Madland, Gustav Gudmestad, Ann Iren Undheim, Anlaug Bjørgo Risa, Jofrid Risa, Anette Helvik Tjelta og i tillegg vart Gunhild Tunheim, Cynthia Henriksen, Ingeborg Fossfjell og Ingebjørg Garborg observert der inne.

Frå start var det Svein Ove som tok seg av presse håndteringa, med å halde seg i nærleiken av Weng og Northug. Jarle konsentrerte seg om finn rett fart og slappe mest mulig av for å vera den som stod igjen som siste mann. På grunn av ein skadeplaga vår hadde ikkje Svein Ove trent bra nok til å kjempe på Jarle sitt nivå, men satsa heller på ein litt hurtig langtur i godt lag.

Boeveien_14km_Northug_Weng_DSC_0267Bilder frå Kondis.no

Og etter 25 km starta løpet for Jarle, då passerte han Svein Ove og var med i kampen om første plassen. Northug og Weng ga seg på dette punktet. Jarle hadde på dette punktet berre 2 mann føre seg i løypa ein frå Peru og ein frå England. Carlo hadde og funne sin rette marsjfart og jobba seg gradvis nærmare Svein Ove. Han var på dette punktet på ein 7 plass. Ved maraton passering var Jarle på ca 2.45, Svein Ove passert på 2.49 og hadde bestemt seg for å stoppe her slik at skadane ikkje vart verre. Han jogga lett fram til Sola Strand Hotell der Undheims følgjebil venta. Her sto han å heia på Carlo då han for forbi. Etter eit par minutt til fann Jofrid ut at dei gadd ikkje stå å venta på målbilen skulle koma, så Svein Ove fekk bare jogge ned litt til. Etter 1 km gjekk plutselig løper nummer 6 i vei kanten, Svein Ove kjørte eit rykk forbi han, eit par minutt seinare gjekk engelskmannen i veikanten, Svein Ove kjørte enda eit rykk og var plutselig på 4 plass. Men i ettertid var kanskje ikkje intervall trening etter maraton særlig lurt, men han enda opp på 51 km.

Jarle_Risa_nr2_IMG_4335

Carlo sprang bra og haldt jamn fart heile tida og kom heilt til 54,55 km før han måtte gi seg. Ein sterk prestasjon og ein flott tredje plass. Jarle kjempa lenge mot han frå Peru, og var kun eit minutt bak på det nærmaste  men det vart for hardt og til slutt måtte han gi tapt. Jarle enda på 63.40 km medan vinnaren hadde 67.43 km. Så resultatlista vart fin, ein frå Peru så tre frå Undheim deretter ein frå England. Mykje gult i fronten altså.

Lenger bak i feltet var det mange som gjorde flotte prestasjoner. Glenn Madland sprang 37.63 km, Ingvar Risa sprang 37.34 km og Gustav Gudmestad vart innhenta av bilen etter 29.19 km.

Blant damene sprang som vanleg Ann Iren Undheim eit imponerande løp og slo til og med Gustav mot slutten. Ho kom inn til 29,64 km. Men den som kanskje imponerte mest var Anlaug Bjørgo Risa som på litt dårlig treningsgrunnlag klarte å komme til 27.65 km. Dette virker lovande fram mot Berlin Maraton i haust. Bak Anlaug var det Jofrid Risa som kom i mål på 24,39 km og Annette Helvik Tjelta på 24.14 km. Om det var spurt oppgjør seier historien ingenting om.