Ergavatnet Rundt var forløperen til Orremilå

Løpet gjekk frå Orrehallen mot Tjøtta, grusvei over til Brautvegen, mot Horpestad, via Orreveien og Ergaveien tilbake til sentrum der målgang var med handelslaget. Løpet gjekk som Orremilå nå tidleg på våren. Løpet var 13,2 km langt. Som alle løp på Orre var løpet vindutsatt og kunne på den årstida ofte vera snøver. Løpet vart arrangert 30 gonger før ein etter løpet i 2010 bestemte at ein skulle prøve med eit kortare løp, som kanskje vil øke deltaker antallet igjen.
Mange av dei gode lokale løparane på 80 og 90 talet valgte dette som eit av løpa i vintertreninga. Jarl Gaute Aase, Helge Knutsen, Svein Inge Buhaug, Tore Bye, Jørn Holmen, Atle Tanum, Svein Ove Risa, Knut Erik Rame og Trond Idland er nokon av dei som har vunne løpet.
Tore Bye har løyperekorden med 39.08
Funfact: Ingrid Kristiansen vann dameklassen i 1982
Link til Strava Routes: Her
Link til segmentet: Her



