Undheim Ultra

Distansar:

  1.  6 timarsløp. Her spring du så langt du klarer på 6 timer (eller går, ingen krav om å springe). Her vil du alltid få eit resultat, om du stoppar etter 4 timer får du resultat, eller om du går heile tida får du eit resultat. Men husk at resultat kortare enn 42, 195 m vert ikkje rekna som ultra resultat. ( men det er godkjent som vanleg løp).
  2. 50 km. Her vert det ei makstid på 6 timer, slik at alle løpa er ferdig samtidig.
  3. Maraton. For dei som kun vil springe maraton er dette ein av distansane. Det vert eigen premiering for dei som er påmeld på maraton. Me setter også opp ei liste med maratontider for dei som deltar på ultraløpet men desse er ikkje med i premieringa av maraton
  4. 10 km. For å skape litt liv i løpet av dagen arrangerer me 10 km.
  5.  5 km. For dei som synes alt det som er ovanfor er for langt.

Løypa er samme som er brukt i 2017. Den har start for 6 timers, 50 km, 10 km og 5 km inne i hallen medan maraton startet ute på bane. Mål er inne i hallen. Løypa er 2,5 km og ein blanding av grus,asfalt og tartan.

 

 

Praktisk Info:

Transport: Ta kontakt med arrangøren for info om dette

Parkering: Dette året skal me springe ein del på parkeringsplassen så alle oppmodast til å parkere på anviste områder.

Startnummer: Hentes i Undheimshallen frå kl 08.00

Påmelding: I Undheimshallen

Garderober og toalett i Undheimshallen

Salg av rundstykker, kaker, brus og kaffi

Start: 6 timers, 50 km og maraton 09.00, 10 km 13.00 og 5 km 12.00

Drikke stasjoner : Rett etter utgang frå hallen vert det matstasjon (sportsdrikk, cola, vann, saft, sjokolade, brødskiver, havresuppe, peanøtter, rosiner, salt kjøtt) (Dersom coronaregelverket tillet det). Det vert og mulig å sette opp egne bord utanfor hallen. Me vil helst ikkje at løpere får personlig drikke etc inne i hallen, dette skal føregå etter ein kjem ut av hallen.

Det vil og verte satt opp søppeldunker til å hive søppel i så godt det er mulig.