
Her vil me presentera ein del gamle løp som nå er nedlagde eller har vorte forandra. Mange av dei opplevde at deltakartalet gjekk så mykje ned at det ikkje var liv laga lenger. Me vil lage til ein segmentkarusell med eit nytt løp kvar månad fram til Frøylandsvatnet Rundt vert arrangert 14.06.2026. Dersom dette er noko folk setter pris på vil det kanskje fortsett utover hausten. Kanskje vil eit av løpa oppstå igjen dersom interessen er stor nok. Det vil i forbindelse med Frøylandsvatnet Rundt vera ei uoffisiell premiering. Nokre av løpa er lange og går frå A til B så der anbefales samkjøring. Kanskje kan din treningsgruppe møtes for å springe løpet samtidig og gjer det til ein sosial happening.
Dei som vippsar Undheim IL Friidrett 20 kr vil vera med i trekninga av premier i forbindelse med Frøylandsvatnet Rundt. Du får 1 lodd i trekninga per segment du vippsar for. Vipps nummer 500804.

