Instruks for utleige av foajeen i Undheimshallen

Foajeen kan leigast av både utanforståande og personar med styre-/trenarverv i UIL. All utleige skal avtalast med booking ansvarlig for hall og foaje : Signe Tunheim, 41670054.  signe@time-elektro.no

Instruks for utanforståande:

  • Kan leige på dagtid til arrangement som bursdag, konfirmasjon. (Ikkje fest) Klokkeslett skal avtalast med utleigeansvarleg
  • Aldersgrense: 25 år
  • Leigeansvarleg låner ut nøkkel, og orienterer om bruk av lokalet
  • Bord og stolar skal setjast på plass
  • Søppeldunkar i vestibyle, toalett og bu skal tømast i container, nye posar skal leggjast i søppeldunkane
  • Golvet skal sopast i vestibyle, bu og toalett
  • Bord skal vaskast
  • Benker i bua skal vera vaska og rydda, og gitteret skal senkast ned. Sjå eigen instruks for bua
  • Alle dører skal låsast (Ytterdør låser seg automatisk) Husk å ta av sperre i låskassen.
  • Røyking innandørs er forbode i alle rom
  • Plassen utanfor inngangsdørene skal ryddast for søppel. Tomflasker skal setjast inn i bua
  • Leigetakar er ansvarleg for eventuell skade som blir gjort, og må kosta utgifter til reparasjon

Instruks for personar med tillitsverv i Undheim Idrettslag:

  • Kan leige på dagtid og kveldstid
  • Pris for vestibyle (og bu) kr 500 for inntil 3 timar og kr 1000 for 3 timar eller meir
  • Pris for styrerom: kr 300
  • Elles som instruks for utanforståande

All utleige blir fakturert av utleigeansvarleg,

Hallnemnda 19.08.2014