Virtuell kontrollmålt 10 km på Undheim i perioden 13.04.20 til 15.05.20

I forbindelse med den situasjonen me er i nå, vil me gi dykk moglegheita til å springe ein godkjent 10 km i perioden 13.04.20 til 15.05.20. Etter dette setter me opp ei resultatliste som me sender inn til Kondis og deira statistikk for året. De kan springe dette kva tid de måtte ønske i perioden.

Alle som er på Strava finn segmentet under Undheimsløpet 2017

Dersom du ikkje er på Strava, kan de enten registrere dykk gratis på Strava og bruke telefonen til å ta opp når de spring gjennom løypa eller sende over ein kopi frå andre trenings apper/klokker til friidrett@undheimil.no’

Løypa er 8-tals løypa som me har brukt før i forbindelse med ultraløp og 10 km før. Den er 2 km lang og må dermed springast 5 gonger. Starten er ved lysstolpe ved kiosken på bane (merke i asfalt), deretter følger du pilene som viser ein halvsirkel inn på skuleplassen (viktig elles vert løypa ikkje godkjent), så forsetter du sykkelsti ut til hovedveg, til venstre inn på sykkelsti langs hovedveg mot sentrum, rett etter kyrkja svinger du til venstre ned bak kyrkja før du forsetter til venstre langs elva. Når du kjem tilbake til skulen svinger du til venstre ut på veg mot hovedveg og deretter til høgre ved hovedveg og følger hovedvegen til sykkelsti langs Sælandsvegen og tar til høgre inn på denne, ved enden av løpebanen svinger du inn på sykkelsti til mål. Forsett i 5 runder. Kart under.

På skuleplassen springer me slik (viktig)

Nokre tips:

  1. Dersom du jogger gjennom løypa, start ny trening før du løper 10 km – Strava registrerer dei 5 første rundane dine i løypa, så med mindre du vil ha oppvarming som første runde må du starte på nytt.
  2.  Start alltid litt før startpunkt og spring alltid litt forbi sluttpunkt for å vera sikkert at alt er registrert riktig.
  3.  Dersom du bruker telefon til opptak, husk og sette på hyppige satelitt oppdateringer slik at det vert så nøyaktig som mulig. Strømsparemodus kan gjer at du ikkje får nøyaktig måling og då vert ikkje segmentet registrert.

Me setter opp resultatliste etter 15 mai og sender denne over til Kondis.

Dersom de ønsker å betale ein symbolsk startkontigent, kan dere  sende 50 kr via Vipps til 500804. NB dette er frivillig.