Varhaugmilå 2025
Lørdag 31 mai vart Varhaugmilå arrangert i strålande ver.

Undheim IL visste godt igjen i gatene på Varhaug. Totalt 3 pall plasser vart det på Undheimsløparar. Asle Undheim vart nummer 2 på 10 km med tida 35.30. På 5 km vart Bjørnar Risa Taksdal nummer 2 medan Svein Ove Risa nummer 3. Tidene deira var 16.37 og 16.45. Svein Ove si tid var den 2 beste tida av ein veteran 50-54 i Norge i år. Jofrid Risa sprang for første gang under 20 minutt med tida 19.54. Trine Haugstad og Preben Undheim sprang i lag og kom i mål på 22.12 og 22.10, Preben var med det først i klassen 8-12 år, Arne Horpestad sprang på 24.52 i klassen MV 70+ og dette fekk han inn på ein 5 plass på Norges statistikken i år. Ellers debuterte Anne Risa, Pål Undheim og Sigrid Undheim på 5 km. Ola Tjensvoll sprang og på 10 km og tok som ei hurtig treningsøkt. Tida hans vart 36.29.


Bilder fra Jærbladet.



