Ungdomsmesterskapet i friidrett, Ullensaker- Oppsummering

 

I lag med utøvarar frå Lye og Bryne reiste Peder og mor til Jessheim på torsdag for å delta på UM. Peder hadde klart kravet i heile 5 øvingar og skulle dermed få ei travel helg. Fredag starta med fint haustvêr. Peder sprang forsøk på 100m i lag med 28 andre og kom seg vidare til semifinale med ny pers; 12,19. I semifinalen var det for mykje medvind til at tida 12,14 vart godkjent som pers, og dette haldt heller ikkje til finaleplass. Dagen fortsatte med tresteg for Peder. Han kom seg til finalen og endte på 7. plass med 11,13m.

Laurdag hadde utøvarane skikkeleg jærsk haustvêr på Jessheim. Det bles kraftig og regna i bøtter og spann, men dette stoppa ikkje jærbuane. Peder sprang 200m og var godt nøgd med 9. plass av 23 stk. Det var ikkje forhald for pers i ein motvind på opp mot -3,0. Etter 200m fekk han ein pause og kunne ryme inn i ein flott fleirbrukshall. Her kunne han og varme opp til neste øving som var spyd. Heller ikkje dette er ei øving som egnar seg særleg i så sterk motvind. Nokre spyd gjekk for høgt og kom nærmast i retur og andre fekk ei vindkule som sendte dei ut av sektor. Igjen kom dei gode treningsforhalda her på Jæren til nytte. Med 2 medaljar blandt dei jærske jentene, skulle ikkje Peder vere dårlegare. Dette er favorittøvinga hans og med sylvmedalje i Gøteborg tidlegare i år, hadde han nok håp om å gjere det godt her og. Han starta med å kaste over 50m og me kunne etter fyrste omgang ane at dette ville verte ei god plassering. Etter 3 omganger låg han på 2. plass og dette begynte å sjå verkeleg lyst ut. Regnet ga seg litt og me begynte å håpe på medalje. I 4. omgang kasta han heile 52,31m, som bare er 1 meter bak pers, og dette var det kun 1 som kunne slå. Han kunne dermed vel fortjent ta med seg ein sylvmedalje frå UM!

Sundag var det kun kule igjen, men etter ei lang helg og mange øvingar var det ikkje mykje futt igjen og denne gongen vart det ikkje finaleplass. Me kunne avslutte ei fin og sosial helg på Austlandet med mange gode resultat. Dette gjer og god motivasjon fram mot neste års sesong og forhåpentlegvis fleire klubbrekordar.