Undheimsløpet 2017

I strålande ver og perfekte forhold var det kun 30 løparar som stilte til start på Undheimsløpet 2017. Det er nok forsatt for langt ute på landet for løparar frå Stavanger regionen. På 10 km var 13 av 24 løparar frå arrangørklubben. Eit lågt antal løparar var ikkje noko hinder for nivået på dei som var der. Første 8 km var det Svein Ove Risa som haldt farten oppe med Jarle Risa og Simen Bergseth på slep. Med tanke på at Svein Ove har hatt ein skadeperiode på 4 månader etter VM 100 km burde nok dei andre to gjort noko meir for å få gode tider. Men når dei endeleg bestemte seg for å begynne å jobbe, vart siste 2 km sprunge på 6.10 og Svein Ove distansert med over 30 sek. Jarle fekk først ei lita luke på Simen med ein km igjen til mål, men Simen jobba seg sterkt tilbake og klarte å spurte frå Jarle siste 200 m. Tidene vart 33.21 og 33.25. Svein Ove kom inn på 33.52, medan Undheims nye stjerneskudd Ola Tjensvoll,  han er i sin første sesong, nok eingong forbetra persen til 34.41. Dette var nok til å ta Øystein Wergeland frå Sandnes som kom inn på 34.46.

Beste dame vart Sara Aarseth Junger frå Spirit Stavanger Friidrett som sprang eit sterkt løp og kom inn på 39.31

20170502_190004[1]

Damevinner Sara Aarseth Junger ut frå start.

Resultat Undheimsløpet 02.05.2017, 10km

Plass Namn Klubb Født år Tid
 1 Simen Bergseth Skjalg 1992 33.21
 2 Jarle Risa Undheim 1976 33.25
 3 Svein Ove Risa Undheim 1974 33.52
 4 Ola Tjensvoll Undheim 1992 34.41
 5 Øystein Vergeland Sandnes 1984 34.46
 6 Bjøro Nevland Gjesdal 1983 34.53
 7 Roger Nevland Gjesdal 1980 35.53
 8 Karl Tunheim Undheim 1975 36.05
 9 Ole Fossfjell Undheim 1974 36.20
 10 Anders S Olsen Undheim 1979 36.36
 11 Carlo Brekken Undheim 1979 37.23
 12 Henning Mæland Lye 1977 39.11
 1 Sara Aa Jûnger Stavanger friidrett 1986 39.31
 13 Jan Tore Nygård Undheim 1974 40.58
 14 Sven Undheim Undheim 1982 40.58
 15 Ingvar Risa Undheim 1970 41.46
 16 Dan Ivar Ånestad Nærbø 1979 42.47
 17 Arne Horpestad Undheim 1949 44.06
 18 Gustav Gudmestad Undheim 1965 47.02
 19 Trond H Amundsen 1982 47.55
 20 Morten Undheim 1982 50.08
 21 Stein Ove Sundbrei GTI 1979 51.38
 2 Hanne Lovell Undheim 1987 54.32

 

Resultat Undheimsløpet 02.05.2017, 2km

Namn Klubb Født år Tid
Adrian Ueland Gjesdal 2005 8.49
Oscar Efteland Gjesdal 2005 8.40
Nora Levang Gjesdal 2005 8.06
Pål Levang Gjesdal 1975 7.28
Alvar Tjelta Tunheim Undheim 2008 8.45
Emma Sjølyst Gjesdal 2010 10.46
Nora Sjølyst Gjesdal 2011 11.00
Aksel Andrè Sundvall Gjesdal 2009 13.17
Julie Sundvall Gjesdal 2011 15.43