Undheim IL viser styrke i KM terrengløp

KM terrengløp vart arrangert i Vannbassengane i Egersund 30 april. Undheim IL hadde dette året mange unge lovande løparar med og nokre gamle lovande løparar med.

Først ut var dei yngste jenteklassane der Helle Risa og Anne Risa var med i J12 som sprang den 670 m lange løypa, dei kom på 7 og 9 plass i klassen.

I gutar 11 som starta etterpå var det total Undheims dominans der Bjørnar Risa Taksdal vann føre Even Tjåland Liverud og med Jasper Herredsvela på ein sterk 4 plass. 3 av dei 4 første plassane må vera meir enn godkjent.

I guttar 14 år som sprang 890 m fekk Jone Risa det litt hardt då han møtte ein stor gjeng med veldig raske løparar. Trur nok han føler det vert lettare å hevde seg mot vaksne folk på 5 km enn desse sprintarane som virka fleire år eldre i storleik.

Foto: Spirit-Friidrett

I veteranklassane var dei første veteranane til mål Jarle Risa og Svein Ove Risa, sidan dei i år spring i forskjellige klassar, vart begge kretsmeistarar. Jarle var best nøgd med løpet då han følte han var overraskande nære seniorløparane, medan Svein Ove nok var mest nøgd med å klare gjennomføre utan å kjenne noko til skader som har plaga han i vinter.