Undheim 5 km Persefestival

Undheim 5 km Persefestival

I desse tider har me laga til eit løp som lar deg teste deg på 5 km, samtidig som smittevernregelverket vert ivaretatt.
I løpet av denne veka arrangeres det 3 stk kontrollmålte 5 km på Undheim, løpet er også eit samarbeid med Kriseløping på Jæren, som bruker dette som sitt segment for veka. Det er då fullt mogleg å springe segmentet utan å delta på løpet. Men dersom du ønsker godkjent tid på 5 km må du delta når me har tidtakar på plass

Løypa vil vera godt oppmerka frå og med måndag kveld. Det løpes først ein 1000 m inne på bane feil veg (medsols), deretter 2 rundar i den kontrollmålte 2 km som me har brukt ofte før i forbindelse med løp.
Det vil verta enkelstartar slik som på ski, me startar med 1 min mellomrom. Dette for lettare ivareta 1m regelverket. Me vil også prøve å sette opp startane slik at dei som spring raskast startar først og dermed vert det mindre passering i løypa også.
Nå har mange på Jæren testa seg på raske 3 km løyper, dette har vore ei fin oppbygging til å teste formen på 5 km.

Fyll også ut påmeldingsskjema då det er krav om at me skal ha desse opplysningane på deltakarane

Påmelding på denne linken

Video av løypa finn du her

Reglar for å ivareta smittevern anbefalingane.
1. Enkeltstartar for å unngå puljer
2. Ingen oppvarming langs Kvernstien (langs elva) for å unngå tette passeringer
3. Hold høgre om du vert passert
4. Opphold det kortast mulig i start og mål området. Dette er forskjellige plasser slik at det vert lettare
5. Bruk desinfeksjonmiddel som me har tilgjengelig
6. Dersom du er sjuk ikkje kom
7. Når du er ferdig bruk minst mulig tid før du reiser heim
8. Garderober ikkje tilgjengelig men toalett vil vera tilgjengelig
9. Oppgi forventa slutttid på påmelding (ikkje krise om du bommer litt), slik at me kan sette opp startrekkefølgen
10. Startnummer vil ligge klar til henting i startområdet