UM Innendørs Ulsteinsvik 3-5 mars 2023
2 sølvmedaljer til Undheim IL i Ulsteinsvik
Denne helga vart UM innendørs arrangert i Ulsteinsvik, Erik Mæle Kommedal og Bjørnar Risa Taksdal var utøvarane frå Undheim IL. Erik var først i gang med 1500 m kappgang på fredag, her vart han nummer 2 med tida 7.44.39, kun 4 sekund bak vinneren. Erik var og med på 800 m lørdag der han persa seg med 6 hundredeler til 2.17.15. Bjørnar Risa Taksdal deltok også på 800 m men her fekk han det litt tyngre enn tidligere stevner og kom inn på 2.09.92, litt skuffa var han nok sidan han før start hadde den beste tida i feltet med 2.04.19. På søndag sprang Bjørnar ein kjempebra 1500 m, der han måtte gjera alt arbeidet aleine. Han hadde lenge ein god ledelse men vart uheldigvis gjentatt akkurat ved mål. 1 hundredel skilte første og andreplassen som Bjørnar fekk. Tida vart 4.21.23.
Erik i fint driv

Bjørnar på pallen
