Tyrvinglekene dag 2:

Ny stor dag!
Peder Hennestad Skjevrak (15) hadde ein ny stor dag på Nadderud stadion. Han hoppa 11.16m i tresteg og slo dermed Vegard Undheim sin gamle klubbrekord. Med dette resultatet kvalifiserte han seg til UM seinare iår.
Bjørnar Risa Taksdal (11) sprang idag 60m, og vant sitt heat på 9.21, som er ny personleg rekord. Dette holdt til ein sterk 6.plass av totalt 34 startande.
Jan Risa Taksdal hoppa lengde saman med 47 guttar i 10 årsklassen. Han fekk øvd seg på å vera med på ordentlig friidrettsstevne.
Bjørg Risa (14) sprang 800m sist på dagen. Ho kjente den sterke 600m frå igår i føtene, og klarte ikkje å springa ned mot sitt beste idag. Ho kom i mål på 2.24, som er noko bak rekorden frå tidlegare iår.

Resultater