Rapport fra Undheim Ultra og maraton

Undheim Ultra og Maraton 2017

20170325_085805

 

Jæren viste seg frå si beste side når Undheim Ultra og Maraton vart arrangert. Vindstille på starten av dagen og litt lett bris ga nok forhåpningar om topptidar for mange av løparane. Veret snudde litt utover dagen og det bles opp litt og disen auka til lett regn.

Løypa var i år ny for å teste ut om den kunne brukast til større arrangement. Og dei fleste som sprang var nøgde med den nye utforminga av løypa. Løypa gjekk gjennom hallen og rundt den nye løpebana.

På maraton var det Inger Elisabeth Mæland, GTI Friidrett som imponerte mest. Ho sette ny personleg rekord med 2.58.53. Dette er og ny årsbeste i Norge så langt i år. Ho hadde god hjelp av arrangørklubbens Karl Tunheim som fungerte som hare heile løpet. Han var så pass gentleman at han slapp henne føre i mål. Karl vann dermed herreklassen med 2.58.54. Ellers må tida til Vera Nystad på 3.51.39 nevnast.

 

På 50 km vann Sjur Ferkingstad, Spirit Stavanger Friidrett med tida 3.27.01. Han åpna veldig friskt og låg tidlig an til ei tid ned mot 3.15. Men etter maraton passering på 2.48.26 vart det gradvis tyngre og tyngre. I dameklassen var det Liv B. Jegteberg Lystad som sprang av med sigaren med tida 4.44.08

På 6 timers / 100 km var det på forhånd store forventningar til Jarle Risa, Undheim IL og Ninette Banoun, Romerike Ultraløperklubb som begge jakta topptidar på 100 km. Jarle Risa sprang fort fram til 50 km så var det over, då kjende han at det ikkje var toppdagen og forsette derfor kun for å få litt mengde trening. Ninette Banoun starta ein time før dei andre løparane slik at hu skulle sleppe å springe så lenge etter dei andre var ferdige. Hu sprang fantastisk bra fram til 6 timer men sto av når dei andre stoppa og ho hadde sprunge 7 timer og 80 km. Då såg ho at kvalifiseringsgrensa til VM på 8.45 vart hardare og hardare. Men 69906 på 6 timers er forsatt eit bra resultat.

Når Jarle feila såg Ole Erik Flatin, Spiridon Langløparlag moglegheten til ein siger på Undheim. Han sprang sterke 74552 m, men han hadde god kamp av Pavel Laputjov, Bryne Triatlon som sprang på 73224 m. På dame sida var igjen Cecilie Landro, BFG Bergen, utruleg sterk. Ho har i mange år hatt veldig gode resultat på Undheim. I år sprang hu 69294 m, dei fire føregåande åra har hu hatt 71528 m, 66869 m, 69389 m, 68367 m.

 

20170325_090022

Starten på maraton

20170325_121604 20170325_121501 20170325_120647 20170325_120639 20170325_120546 20170325_120405 20170325_120230 20170325_120133 20170325_120109 20170325_120018 20170325_120012 20170325_115938 20170325_115930 20170325_115847 20170325_115832

20170325_115312 20170325_115340 20170325_115413 20170325_115416 20170325_115438 20170325_115525 20170325_115526 20170325_115549 20170325_115610 20170325_115638 20170325_115649 20170325_115743 20170325_115749 20170325_115754 20170325_115758 20170325_115807 20170325_115820 20170325_115821 20170325_115823