Oppdater info

Praktisk info Undheim halvmaraton og 10 km

På grunn av covid-19 regelverk må gjera nokre små endringar i gjennomføringa:

Startpuljer: Det vert puljer på 20 stk som startar samtidig. 10 km med 3 min mellomrom. Halvmaraton startar med 5 min mellom puljene.  Startpuljene vert satt opp på fredag.

Drikkestasjon: Det er ikkje lov for oss å ha normal drikkestasjon. Men me vil lage til ein plass der du kan sette din egen drikke med god avstand til andre. Så alle tar med det dei trenger. Det vil vera folk til hjelpe her, og alle får tidelt eit område. Husk å fjerne ditt utstyr fort etter 10 km. Halvmaraton løparane kan levere inn si drikke til den som er ansvarlig ved drikke bord så vert det satt på plass når løpet starter. Det vil henge nummer med alle sine drikkestasjoner.

Vannspreder: Dersom det vert varmt setter me opp ein vannspredar i løypa, som folk kan springe innom om dei ønsker det.

Startnummer: Hentes frå Bua ved banen der alle får utlevert ein konvolutt med startnnummer og info, husk 1 meter i køen. Vis hensyn

Oppvarming: Det oppfordres til å ikkje springe i løypa under oppvarming for å unngå trengsel i denne. Spesielt halvmaratonløparane då 10 km spring løp i løypa når dei skal varme opp. Det oppfordres til sightseeing på Undheim som oppvarming.

Garderobane er ikkje i bruk, men toalett er opne i foajeen på hallen. Så skift i før du kommer eller i bilen.

Premiering: Beste mann og dame på begge øvelser kan hente premie i bua. Deltaker premie til alle i lag med startnummer

Det vil vera rikelig med muligheter for desinfeksjon – buk desse.

Publikum: Foreløpig er det 85 påmeldt til løpet, totalt antall deltakere er i følge regelverket 200 personer, dette inkluderer publikum. Nokon vil sjå på 10 km og deretter reise medan andre er på halvmaraton. Men ha dette i tankane når dere kjem me vil helst sleppe å måtte senda bort publikum fordi det er fullt. Publikum må også registrere seg med namn og telefonnummer. Dette kan gjerast til smittevernansvarlig på løpet eller på mail til friidrett@undheimil.no

 

1 meter regelen: Passer andre utøvere med god avstand, langs elva holder du til høgre og passerer på venstre side. Spring aldri 2 ved siden av kvarandre lenge der. Still opp på avmerka områder i starten.

Meir info vert lagt ut på Undheimil.no