Løypa til Undheim Ultra kontrollmålt

20170320_205127

Førre onsdag vart løypa til Undheim Ultra kontrollmålt, og den er endå raskare enn tidligare år. Dette året er ein runde 2,5 km, dvs at den fæle motbakken med 5 høgdemeter må forserast 20 % sjeldnare.

Tekst forklaring (for dei som er veldig lokal kjent): Start i hallen, over parkeringsplassen ned på løpebane, 300 m på løpebane, før ein etter målpassering svinger til høgre opp mot skuleplassen. Inn på skuleplassen der ein løper ein bue rundt diverse teikningar i asfalten før ein forsett ut mot Undheimsvegen langs sykkelsti, i krysset tar ein til venstre inn på sykkelsti som ein følger til kapellet. Der svinger ein til venstre på austsida av kapellet og ned til Kvernstien som følgjer elva tilbake til skulen. Her svingar ein inn på Bjønnholvegen og følgjer den til Undheimsvegen, der ein svinger til høgre. Etter 100 m tar ein til høgre inn på sykkelsti langs Sælandsvegen som ein føljer til innkjøringa til hallen, der ein spring til nordenden og svinger inn i mål.