Eigersund halvmaraton og Eigersundmila. Ola med kjempe pers

Ein kjempe pers og 2 årsbeste i Norge i veteranklassane

7 mars vart Eigersund halvmaraton og Eigersundmila arrangert. Som vanleg var det raske forhold i Eigersund. Undheim IL stilte også mannsterke og hadde mange gode prestasjonar.

Halvmaraton: Ola Tjensvoll sprang persen sin heilt ned på 1.10.28 etter eit kjempesterkt løp. Mesteparten av løpet sprang han aleine og i tillegg var det ein del motvind i slutten av løpet. Dette haldt til ein 5 plass totalt i løpet. Oppkjøringa til maraton seinare på våren er i rute utifrå dette resultatet.

Foto:Thomas Hetland

Her er Ola i starten

Elles var det mange gode løp på halvmaraton av andre frå Undheim, Sven Undheim (1.27.24), Jan Tore Nygård (1.28.45), Ingvar Risa (1.29.53), Arne Horpestad (1.35.51) og Siv Elise Seland (1.41.50). Arne si tid er den beste i klasse 70-74 i Norge i år. Nå er me jo tidlig på året men i fjor ville dette vært den 2. beste tida heile året.

Så,  Arne is still going strong.

Liten kurositet: Skrevet på nettsiden til eit anna idrettslag: Gustav Gudmestad fra Undheim løper så fort at han på Norgesstatistikkens kl. 70-74 hvert år holder seg på pallplass.

Eigersundmila

Her var det 2 løpere frå Undheim med. Svein Ove Risa vart nummer 4 med tida 33.19 medan Tage Emil Good sprang på 37.44. Tida til Svein Ove er den raskaste i Norge i år i klasse 45-49.