Robustløpa på Bryne. 18.02.23

Heine Fjellhaug med kjempe pers på halvmaraton. I eit godt disponert løp persa Heine seg  med over 4 min. Tida vart denne gongen 1.14.14. Med litt hjelp underveis av nokre av 10 km løparane frå Undheim, som Stian Emil Pettersen, imponerte Heine med ein sterk 4 plass. På den samme halvmaratonen var også Arne Horpestad (74 år), han sprang på 1.44.43, dette er den raskaste tida i klassen 70-74 i Norge i år.

På 10 km var det mange Undheimsløparar med best var Jarle Risa med 34.39, dette var nok litt skuffande for Jarle, som nok burde sprunge 1 min raskare. Men bak Jarle var det ei lang rekke Undheimsløparar som både persa og imponerte stort. Carlo Brekken sprang 35.20 og har aldri vært så nærme Jarle, Stian Emil Pettersen hadde vore sjuk ei veke men klarte 35.26 og avlutta løpet sterkt. Sølve Salte persa med litt over halvminuttet og kom inn på 36.03. Jone Risa persa med over 2.30 og kom inn på 42.09. Det var også med ein løpar frå damegruppa, Trine Haugstad, sprang inn på 44.55.

Stian Emil Pettersen opnar kontrollert

Carlo siktar seg inn på ryggen til Jarle

Sølve med fullt fokus

Jarle har funnet ei god pulje og ser ennå lett ut

Carlo ser alltid lett ut (ikkje i slutten av Suleskar maraton)

Stian Emil med fortsatt kontrollert løping

Sølve i lett driv

Jone på vei mot ny pers

Så var det slutt

Heine også på vei mot pers

Still going strong, Arne er fortsatt lett i steget.