Dugnad langs Kvernstien

Ny grus langs kvernstien, enda raskere løype?

Laurdag 10 desember var ein gjeng frå friidretten å la på nytt lag med grus langs Kvernstien. Den førre grusen hadde for mykje store steinar slik at det kunne vera litt ubehagelig å gå/springe på. Men nå er det kjørt på eit nytt lag som er mykje betre. Forhåpentligvis vil dette gi enda raskere løype til våre løp i 2017. Det vart og satt opp eit gjerde langs stien som hadde vore nede ei stund. Ein stor takk til Rune Bauge, Gustav Gudmestad, Karl Tunheim, Carlo Brekken, Svein Ove Risa, Bjørn Petter Taksdal, Bjørnar Risa Taksdal, Alvar Tunheim og Jarle Risa . Takk til Ole Anton Liverud for lån av traktor.

20161210_1032361 20161210_1033161