Pingvinlekene, Bergen

4 sigrar, 4 andreplassar, 1 stevnerekord og 1 kretsrekord!!!

Fredag: Kretsrekord og heatseier. Helgen vart starta med eit pang. Svein Ove Risa sprang inn til 9.10.27 og vann med dette sitt heat. Tida er og kretsrekord MV 45-49 med mest 30 sekund. Så då var lista lagt for resten av helga

Lørdag. Stevnerekord og dobbeltseier til Undheim.

Nærbøguttane Andre Friestad og Mons Varhaug Oftedal var best i Guttar 11 på 60m. Tida til Andre (8.90) er stevnerekord. Før det hadde bror Aron vunnet sitt heat i Gutter 9. I samme klasse sprang også Sivert Tjåland Liverud. Ellers sprang Sara Risa og Erik Kommedal også 6o m.

På tresteg var Helle Risa med og hoppa 6.13 medan Bjørnar Risa Taksdal tok ein fin 3 plass i sin klasse med 8.36.

Det var og 600 m på programmet laurdag, her var det mange frå Undheim som deltok. Jan Risa Taksdal sprang i guttar 10, Andre og Mons deltok i G11. Her vart Andre nummer 2 medan Mons kom på ein bra 10 plass i debuten. I gutar 12 var det 3 stk frå Undheim med Bjørnar Risa Taksdal, Erik Kommedal og Even Tjåland Liverud. Bjørnar vart her nummer 2, litt etter persen sin medan begge dei andre 2 kom seg under 2 minutt.

Elles deltok Sara Risa og Sivert Tjåland Liverud på kule medan Erik Kommedal, Even Tjåland Liverud og Theodor Tjåland Liverud på høgde. Theodor kom over 1.35 og vart med dette nummer 3 i sin klasse. Theodor sprang også 200 m på laurdag.

Søndagen starta med 60 m hekk for G11 der Mons og Andre vann kvar sitt heat og Andre hadde beste tid. Ein bra debut på hekk for begge gutane. Deretter var det G og J 9 som sprang 40 m her deltok Aron, Sivert og Sara. Jan Risa Taksdal sprang også 200 m i gutar 10.

Sara og Sivert hoppa også lengde denne dagen. Theodor, Bjørnar, Erik, Even, Mons og Andre var også med på lengde. Der vann Mons foran Andre i G11, Bjørnar vart nummer 4 etter å ha vært nummer 3 heilt til siste omgang. Theodor vart nummer 5 i sin klasse.

Theodor og Helle var også med på kule, her fekk Theodor 2 plass medan Helle vart nummer 4.

Undheimsgjengen viste godt igjen i hallen heile helga. Og fekk mange kommentarer på dei flotte draktene våre. Heiagjengen som besto av både foreldre og besteforeldre koste seg også i hallen heile helga.

Resultat