Rallarvegsløpet

Svein Ove Risa med overlegen seier.

herrepallen_4s7a4995

Rallarvegsløpet er eit ultraløp som går over to dagar med start i Flåm første dag. Då spring ein 54 km opp til Finse der ein overnattar før ein startar på Finse neste morgon og spring 27 km til Haugastøl.

Svein Ove sprang litt overraskande frå dei andre i feltet med over 8 minutt første dagen. og kunne på dag 2 kontrollere inn samanlagt sigeren. Det som overraska mest var at dei andre løparane ikkje klarte å følgje i bakkane opp Flåmsdalen. Tida vart ikkje noko spesielt god, men 26 varmegrader i starten og motvind over fjellet må nok ta ein del av skylda for dette. Om kvelden første dag var det fellesmiddag  på hotellet på Finse 1222 der det vart delt ut ledartrøye til dei som leda etter første dag.0_teten_20160723_152713