4 fra Undheim på kretslaget

Lerøylekene 2021, Haugesund. 11 – 12 september

Lerøylekene er kretskamp mellom Agder, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Dette året føregår stevnet i Haugesund. Lerøylekene er for 13 og 14 åringar og kretsane tar ut 2 utøvarar i kvar øvelse. Dette året har kretsen tatt ut 4 stk frå Undheim til stevnet, dette gjer Undheim IL til 3 største klubb i Rogaland. Sandnes IL og IL Skjalg (Stavanger) har meir utøvarar medan Haugesund IL har like mange som Undheim IL.

Dei som er uttatt er i G13 Even Tjåland Liverud og Bjørnar Risa Taksdal, i G14 Theodor Tjåland Liverud og i J14 Helle Risa.

Alle skal vera med på fleire øvingar:

Even Tjåland Liverud – Slegge, Spyd og 1000 m kappgang

Bjørnar Risa Taksdal – 1500 m og 1000 m kappgang

Theodor Tjåland Liverud – Kule, Lengde, Slegge og Spyd

Helle Risa – Kule, Slegge, Spyd og 1000 m kappgang