Ultravasan 2016

Siger til Jarle Risa i konkurranse med Europas beste ultraløparar.

14088630_1178279662210604_1983374379186752921_n

Tredje gong Jarle var med i dette som er vorte eit av Europas største ultraløp, sprang han seg heilt til topps på resultatlista. Jarle sprang gjamnt heile løpet og avanserte gradvis fram i feltet før han tok leiinga når det gjensto cirka 2 mil av det 90 km lange løpet. Løpet går i same traseen som Vasaloppet går om vinteren og består av fin blanding av grusstier, skogstier og planke stier over myrer. På plassane bak Jarle kom det løparar frå Sverige, Belgia, USA og England, noko som viser at det har vorte eit internasjonalt storløp. Denne prestasjonen er kanskje karriere beste for Jarle, alternativt er sigeren i Lilla Lidingøloppet på 80-talet like bra.