Nytt Kriseløp på Undheim

3 sesong med kriseløp er igjen tilbake på Undheim. Som nokre kanskje har sett har det vore ein del aktivitet rundt kvernstien og banen i dei siste dagane. Me har fått inn sponsorar som betaler for 10 kr per deltaker, foreløpig er det 5 stk som er med på dette. Dvs at idrettslaget får inn 50 kr per person som gjennomfører løypa. Det er lov å gå, jogge og spurte. Dersom nokon fleire sponsorer hiver seg på er dei hjerteleg velkommne. Det er også stor aktivitet på Kriseløping Jæren si facebook side. Blant eit veldig bra historisk innlegg frå Ingve Lende om historia til idrettslaget og idrettsanlegget.

Alle som deltek må enten registrere seg via treningsappen Strava

Eller ein kan registrerer seg manuelt her

Denne gongen er det 5 km som første gong som er i bruk.

Beskrivelse av løypa er:

Løypa er som forrige gang ein kontrollmålt 5 km. Nesten identisk med løpet i fjor vår. Eit par små justeringer for å unngå utilsikta fjusk i løypa.
Som forrige gang starter med ein 1000m inne på banen, men denne gangen RIKTIG VEI, starten er med mål 100 m. Dvs at ein tar tre heile runder inne på bane før ein spring ut mellom bua og fotballhallen. Deretter går me inn i den velkjente 8 -tals løypa på Undheim. Først ut frå skulen, deretter til venstre mot sentrum langs sykkelstien. Når ein kjem til kirka tar ein igjen til venstre etter denne, når ein treffer elva svinger ein til venstre igjen og spring inn på Kvernstien. Denne følger me tilbake til skulen. Når du kjem til skulen svinger du til venstre mot hovedveien igjen. (Fun fact: Alle desse Venstre svingane har gjort at du har sprunge rundt huset til Høgre-politiker Pål Undheim). Ved hovedveien svinger du denne gong til høgre retning Bryne, før du svinger til høgre på sykkelstien mot Ålgård, etter 100 m svinger du høgre igjen inn mot Skulen. Så passerer du runding 1 runde (3 km) før du igjen starter på ny runde. Målgang er denne gongen på sykkelstien inn mot Skulen.