Ecotrail Madeira: Jarle på 4. plass

Nok ein gong sprang Jarle Risa eit sterkt ultratrail løp.

14650072_1089251561192426_2055749790847550567_n

Løpet var i Ecotrail serien som går på Madeira i tillegg til i Oslo, Paris, Madrid og Brussel . Denne gongen var løypa 80 km lang med 5000 totale høgdemeter. Jarle var heile tida med i toppen av løpet men vinnaren, som var ein merittert fransk løpar, fekk gradvis større luke. Jarle kom i mål 30 min etter vinnaren på rett over 9 timar. Sidan dette var Jarle sitt første skikkelige fjell ultraløp var han litt spent på korleis han ville takla å springe opp 5000 m og ikkje minst ned 5000 m (noko som kan vera like hardt for beina). Kommentaren til Jarle etter løpet var at dette vart mykje spasertur. Både opp og nedover bakkar var så bratte at det ikkje gjekk ann å springe i dei. For ein som er van med å springe vart dette ein merkelig følelse. Trener jo ikkje ofte på å gå i fjellet på Jæren. Men å halde nokolunde følgje med ein av Europas beste til dette er kjempe bra.

14725714_1089251737859075_2372407174522566202_n