Bryneløpet 2016.

Undheim med siger i alle gut/herreklassar.

20161008_104043 Dei små klar til start

Det var mange forskjellig løyper under årets Bryneløp. Skulebarn sprang 544 m, dei vaksne sprang anten 6,44 km eller 11,44 km. Alle løypene hadde målgang ved M44. I yngste guteklasse (1-3 klasse) var det Bjørnar Risa Taksdal som vann føre Alvar Tjelta Tunheim, her deltok også Jan Risa Taksdal, Imre Tjelta Tunheim, Magnus Undheim. I eldste guteklasse var det Eskil Tjåland som vann, han var einaste deltakar frå Undheim i denne klassen. I yngste jenteklasse var Christina Undheim, Lerke Tjåland og Sara Risa med, medan Helle Risa deltok i eldste jenteklasse.

I 6,44 km vann Karl Tunheim med tida 22.17, han prøvde første km å henge med dei store gutane som sprang 11,44 km men måtte gi slepp då den andre km gjekk for fort. Men han kom forsatt inn til ny løyperekord i kort løypa. Elles deltok også 11 år gamle Jone Risa også på denne distansen. Karl kom sjølvsagt for seint til premieutdeling så der sendte me ein med rette drakta.

20161008_125746

I dameklassen i kortløypa vart 11 år gamle Bjørg Risa nummer 3 i konkurranse med dei vaksne som deltok. Elles så jogga Anlaug Bjørgo Risa gjennom denne løypa.

20161008_125938

På 11,44 km vart det ein hard kamp mellom brødrene Svein Ove og Jarle Risa. Dei veksla litt på dra slik at dei fekk kvitta seg med konkurrentane som ikkje sprang for Undheim. Siste 1200 m vart Svein Ove for sterk for Jarle og fekk ei luke på ca 15 sek som han haldt inn til mål. Svein Ove sette ny løyperekord med 3 min og sprang på 36.52 medan Jarle hadde 37.07. Andre Undheimsløparar som var med var Ingvar Risa (45.07), Gustav Gudmestad (45.30) og Stig Harald Thunheim (51.33).

20161008_131101

Resultater:

http://www.brynefriidrett.no/index.php/brynelopet/744-brynelopet-resultater-2016#Gutter1-3