Berlin Maraton 2016

Fantastisk innsats av damene frå Undheim IL.

 

25 september var ein gjeng på 17 stk frå Undheim for å delta på Berlin Maraton. Nytt av året var kvinne andelen frå Undheim som var på 6 av 17 stk. Dette resulterte i ny klubbrekord og fleire kjempe gode tider som overraska både dei sjølv og alle andre. Det mest imponerande var gjennomføringa av løpet alle dei tre debutantane sprang fortare siste halvdel av løpet ( her tur eg mange av mennene har noko å lære). Og etterpå var innstillinga at dette var gjildt, det vil me gjera fleire gonger.  Ann Iren Undheim sette klubbrekord med 3.33.42 (1.46.32 -1.47.10)(halvmaraton tider), Anlaug Bjørgo Risa debuterte med 3.43.26 (1.53.18 -1.50.08), Siv Elise Seland debuterte på 3.44.10 (1.54.28 – 1.49.42), Annette Tjelta Helvik sprang sitt første maraton på 3.45.39 (1.55.04 – 1.50.35). Elles sprang Mariann Risa på 3.52.02  og Kari Kaald Reiten hadde 4.45.46.20160924_094335

Blant mennene som skulle vera meir rutinerte på dette med maratonløping vart det litt meir variabel innsats. Nokre skader  og ultraløp må nok ta ansvar for dette. Svein Ove Risa klarte for første gong å sette saman eit maratonløp slik det skal springast. Han sprang den raskaste 5 km mellom 35 og 40 km og sprang 7 sekund fortare på siste halvdel samanlikna med første. Tida vart 2.29.33 noko som er 1 sekund dårligare enn fjorårs tida. Han hadde følgje med Jarle Risa fram til 20 km men så måtte Jarle gi slepp for beina var ikkje 100 % den dagen. Mulig Vasaloppet satt meir i beina enn forventa. Jarle kom inn på 2.34.12. Neste undheimsløpar var Karl Tunheim som sprang eit veldisponert løp og kom i mål på 2.43.02. Med dette slo han sin argaste konkurrent Carlo Brekken som pga skader før løpet ikkje var 100 % forberedt  og gjekk på ein liten smell. Carlo kom forsatt inn på 2.49.10. Etter Carlo kom nok ein løper som klarte komme seg under den magiske 3 timer grensa. Nils-Fredrik Winther-Kaland sprang i mål på 2.59.41 etter å ha fått det veldig tungt mot slutten.

20160925_075709

Bak han kom språkfenomenet Ingvar Risa, han var litt etter sin beste tid. Han håpa han skulle koma ned mot 3 timer men tida vart 3.07.20. Rett bak Ingvar kom Gustav Gudmestad (hadde eg visst eg var så nærme så skulle sprunge frå deg, uttalte han nokre dagar etter løpet). Gustav sprang den andre beste tida si, 3.12.34. Han har kun betre då han persa seg i fjor. Bak Gustav var det Odd Magne Høyland som kjempa seg til mål. Etter ei durabelig opning fekk han visst føling med både mjølkesyre i magen og krampe i føtene. Han kom inn på 3.18.58. På grunn av diverse merkelige skader (f.eks skulder skade pga ein bunt med gjess vart for tunge å bære) hadde han ikkje fått trend meir enn nokre få økter siste månadane før løpet. Så kanskje hard opning ikkje var verdens mest luraste ide. Neste mann til å passere målstreken var Sven Undheim, som nok var litt skuffa med tida i etterkant.  3.27.24 var eit lite stykke etter hans beste tid på maraton. Og treninga før løpet var han godt nøgd med. Kanskje var det forstyringar under løpet som gjorde at løpet ikkje vart heilt som planlagt.

c4160925berlinmarathon-020

Litt etter Sven kom Grand Old Man, 67 år gamle Arne Horpestad, han storma inn til 3.32.33. Etter målgang var han svært nøgd, og han var overraskande kvikk (1 time i fosterstilling etter løpet har me vore med på). Trur det einaste som var eit skår i gleda var at damene var så nærme, han meinte nok at dei burde vore lenger bak. Siste mann til mål var Nils Petter Aarrestad som jogga lett til mål på 4.29.46. Ingen problem for ein heia-mann halde det gåande i Berlins gater i 4 og ein halv time. Det står det respekt av.

20160925_135648

Her venter me på Nils Petter.

Sosialt var det og ein fin tur med 20 stykk i reisefølgje. Som normalt måtte me innom Mc Donalds for å fylle opp karbohydrat lagera dagane før løpet. Damene fekk shoppa litt, nokon shoppa ei lepestift medan andre måtte kjøpe ny koffert for å få med seg alt heim. Tradisjonen tro bomma med litt på avstanden til middagen etter løpet og spesielt Nils Fredrik var ikkje happy med å måtte gå 20 min til resturanten, det vart taxi heim. Språkgeni frå Nærbø briljerte med sine ferdigheter, spesielt når han bestilla ei stor skei til dessert ( One big scoop, please ). Ikkje noko snakk om kva is som skulle vera oppi der, nei. Og når han bestilla kaffi med koffein, var det rett før betjeninga nekta han servering.

Dagen etter løpet er alltid trapper eit problem. Medan me venta på flyet vårt kosa me oss med å sjå på dei som kom ned trappene. Her er det Nils- Fredrik som imponerer med bra gjennomføring. Legg merke til damene sin skadefro latter i bakgrunnen.