3-sjøersløpet Stavanger

Ann Iren Undheim sprang nok ein gong inn til eit kjempetid og ny klubbrekord for damer på halvmaraton. Tida hennar var 1.37.57. 3-sjøersløpet går frå Tjensvollkrysset rundt Hålandsvatnet, Stokkavatnet og Mosvatnet før det er tilbake ved Tjensvollkrysset. Løpet hadde i år 2340 deltakarar der 8 av desse sprang for Undheim. Blant damene vart Liv Margunn Høines neste dame i mål på 1.38.46. Dei to neste til mål Undheimsdamene var Siv Elise Seland og Grete Aardal på henholdsvis 1.46.57 og 2.11.46. For Grete var dette debut på distansen.

Blant mennene var det Svein Ove Risa som vart best med ein 10 plass på tida 1.12.33. Med heile norgeseliten på halvmaraton på plass vart det ikkje noko topp plassering, men beste veteranløper vart han med klar margin. Dei andre som var med frå Undheim var Ingvar Risa (1.30.06), Gustav Gudmestad (1.32.14) og Harry Breiland (1.58.57).

sivelise3sj Siv Elise har tid til å smile til fotografen

ingvar3sj Det har ikkje Ingvar, fullt fokus for holde Gustav bak

gustav3sjo Gustav jakter Ingvar, håper han forsatt det skal gå?

so3sjoers Svein Ove gjer seg klar til sluttspurten